om øyriket i ROMSDAL

Øyriket i Romsdal drives av destinasjonsselskapet Visit Nordmøre og Romsdal AS, sammen med næringsforumene i Midsund Sandøy og Aukra.

Øyriket i Romsdal er stolt over å presentere eit dynamisk og framtidsretta næringsliv prega av høg aktivitet. Her er gode kommunale tenester og trygge oppvekstvilkår.
Dette gjer Øyriket-kommunane til ein attraktiv plass å busetje seg.

Her finn du har eit aktivt næringsliv knytt til hav og sjø; Skipsverft, verkstadindustri, offshoreindustri, foredling av gass, fiskeri og fiskeforedling. Reiseliv og turisme er ei næring i vekst, og opplevingane står i kø – både for dei besøkande og dei som gjer turisme til leveveg.

Engasjerte innbyggarar er med og legg til rette for eit aktivt og variert fritidskulturliv. Vi er heldige som har så mange ivrige eldsjeler som også er primus motorar for mange av dei fine turløypene og rasteplassane som vi inviterer våre gjestar til å besøke. Alle bidreg på sin måte til det store og viktige mangfaldet som utgjer Øyriket i Romsdal.

Det unike kystlandskapet, med nærleiken til havet, der båra bryt over svaberga – til ein fjelltur rett opp frå fjøresteinane – og til sykkelstiar som fører deg på kryss og tvers.  I Øyriket i Romsdal kan du drøyme deg vekk i stadig skiftande nyansar på hav og himmel - her får du kontrastfylte opplevingar både på sjø og på land.

Kom og gled deg over norske vårblomstrar, eller ein varm sommerdag, ein fargerik haust, eller snødekte fjelltopper. Turar i Øyriket i Romsdal er lett tilgjengelegfor friluftsglade menneskjer i alle aldrar. Vi lovar deg ei uforgløymeleg oppleving, enten veret er i det milde eller det lunefulle hjørnet.

 

Logo_VisitNordvest_Friske-opplevelser.png