INVITASJON OG PÅMELDING - Øyriket i Romsdal til by’n 2016 / by Anne Jorunn Sandøy

Planlegginga av årets Øyriket i Romsdal til by’n er godt i gang. Det er ekstra hyggeleg å oppleve at arrangementet får gode tilbakemeldingar, både blant publikum, næringsliv og kommunar. Som arrangør håper vi også at du som deltakar har nytte av å vere med, både gjennom marknadsføring og sal.  Øyriket i Romsdal har så mykje spennande å by på og når vi er saman om å marknadsføre dette har det stor effekt.

Marknadsplassen
Vi håper du blir med! - Alle er velkomne på marknadsplassen, om du er åleine eller i lag med fleire; som privatperson, lag og organisasjon eller som bedrift. I år ser vi på muligheiter for å gjere litt om på marknadsplassen og plassering av utescene.  

Utescena
Konserten på utescena er ein flott arena for lokale artistar til å opptre for eit stort publikum. Kor, korps, band, solistar, musikarar, dansarar og andre med kulturelle innslag er velkommen til å delta.

Konsert i Teatret Vårt
Programmet er allereie klart. Ver tidleg ute å sikre deg billett. Vi lover ein vakker konsert med artistar frå Øyriket i Romsdal. Billettar får du kjøpt på http://burl.nu/plkjyl

Nytt av året; Øyriket-festival på Molde Fjordstuer
Fredag den 16. og laurdag 17. september blir det stor stemning med 80-tallsmusikk og band frå Øyriket i Romsdal. Billetter kan du kjøpe på www.hoopla.no. Molde Fjordstuer har gode tilbod på Øyriket-pakker på overnatting.

Øyriket-sponsor
Som sponsor vil du få muligheit til å profilere deg på arrangementet.  Vi tilbyr logo i program,  logo godt synlig på marknadsplassen, marknadsføring på våre nettsider og Facebookside, samt billettar til eitt av våre kulturarrangement. Ta gjerne kontakt for en prat om dette.

Påmelding
Påmeldingsskjema med prisar for leige av marknadstelt finn du på http://www.aukra.kommune.no/paamelding-til-oyriket-i-romsdal-til-byn.5887798-312735.html. Vi tilbyr marknadstelt på 3x3m og 3x6m. For tilleggsutstyr eller større telt, ta direkte kontakt med leverandør.

Frist for påmelding: 1. september 2016

For spørsmål, ta gjerne kontakt på post@oyriket.no