Sparebanken Møre støttar Øyriket i Romsdal / by Anne Jorunn Sandøy

Øyriket i Romsdal har inngått ein tre-års avtale med Sparebanken Møre.  Denne avtalen har stor verdi for vidare satsing og utvikling av merkevara Øyriket i Romsdal. Sparebanken Møre har innvilga eit tilskot på til saman kr. 375.000,- fordelt på åra 2015, 2016 og 2017.

Sparebanken Møre ønskjer å verdsette gode idear og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til ein attraktiv stad å bu, besøke og leve. Dette syns dei at Øyriket i Romsdal bidreg til.