Tilbakeblikk: Øyriket i Romsdal til by'n 2015 / by Anne Jorunn Sandøy

Ein stor takk til alle !

Ordføraren i Molde, Torgeir Dahl opna dagen med å ønske Øyriket i Romsdal velkommen til by’n for tredje gong. Han sa at arrangementet då vel kan seiast å vere ein tradisjon. Øyriket i Romsdal vart ønska velkommen ikkje berre av ordføraren, men også av næringslivet i Molde sentrum og ikkje minst publikum.

Til tross for at veret ikkje vart akkurat slik vi ønskte oss det, møtte folk opp. Det set vi veldig stor pris på. Etter tre år har vi saman klart å lage ei forventning om at når Øyriket i Romsdal kjem til by’n er det mykje spennande å oppleve på Gørvelplassen.

Vi håper at alle i ettertid er fornøgde med deltakinga og at de også sit igjen med ein gevinst, - anten økonomisk eller ein effekt av marknadsføring, men òg verdien av å høyre til - og betydinga av det å gjere noko i lag.

Det er på sin plass å takke alle for eit godt samarbeid fram mot arrangementet og den flotte innsatsen som vart lagt ned i helga. Det hadde ikkje vore «Øyriket i Romsdal til by’n» utan!

Derfor, - ein stor takk til;

- Alle utstillarane som la ned ein stor innsats for at publikum skulle føle seg velkomne og fekk ei triveleg oppleving på marknadsplassen.

- Ungdommane frå Midsund og Julsundet skule som var vertskap og ønskte alle velkommen til marknadsplassen, - dei tok smilande i mot alle og engasjerte dei minste med ulike aktivitetar.

- Alle artistane og konferansieren på utescena som med variert program laga god stemning og ei flott ramme rundt arrangementet.

- Konferansierane og alle artistane på Kulturkonserten i Teatret Vårt som bidrog til at publikum fekk oppleve ein stemningsfull konsert, med ei spennvidde av sjangrar som ein sjeldan får oppleve på ein og same konsert.

- Dei fire banda som laga stor stemning og fylte dansegolva på hotell Alexandra.

- Våre sponsorar og samarbeidspartnerar som bidrog økonomisk og med tenester slik at Øyriket i Romsdal kunne lage eit så innhaldsrikt arrangement. - Alle som var med i planlegginga og førebuingane av kvart enkelt del-arrangement.

 

Med god hjelp i frå alle fekk vi dette til i lag! Saman er vi med og bygger det gode omdømet til Øyriket i Romsdal. Gjennom det gode vertskapet og marknadsføring av alt som Øyriket har å by på freistar vi enda fleire til å ta turen til oss.

Etter alle arrangement og aktivitetar er det viktig for oss å få tilbakemeldingar på kva vi kan gjere betre til neste år, kva fungerte bra og kva bør vi gjere meir av. Er det noko vi kan gjere annleis til neste år?  Vi set stor pris på om du sender oss ei melding med di vurdering både av arrangementet, informasjonen de fekk i forkant osv.

Igjen vil vi takke for at du/de var medverkande til at årets Øyriket i Romsdal til by’n vart dagen vi minnast lenge!