Back to All Events

Aukradagen

Distriktsmeisterskap i blomsterdekorering

Aukradagen vil bokstaveleg talt stå i full blomst når årets Distriktsmeisterskapi blomsterdekorering går av stabelen på Soltun. Her får du sjå deltakarane i aksjon under konkurransen og samtidig få innblikk i eit spennande fagområde. Interflora er arrangør, med Aukra Blomster som lokalt vertskap. Det blir konkurrert i to klassar; A for dei med fagbrev og meir enn fire års erfaring frå bransjen, og klasse B for lærlingar og dei med mindre enn fire års erfaring. Vinnarane frå kvar klasse blir automatisk kvalifisert til Norgesmeisterskapet til hausten.

Konferansier på distriktsmesterskapetblir ingen ringare enn Finn Schjøll, også kjent som Blomster-Finn. Vi kjenner han kanskje best frå «God Morgen Norge» der han kvar måndag og fredag inspirerer med både visdomsord, og tips og råd om blomsterdekorering .

 Marknadsplassen og utescena

Dagen startar på tradisjonelt vis, med frukostservering, marknadsplass og konsert på utescena. Aukra kommune er heldig som har så mange positive bidragsytarar som stiller opp og medverkar til at dagen blir vellykka. Vi håpar at så mange som muleg blir med i år også. Det er plass til alle, om du stiller åleine eller i lag med fleire - som privatperson, lag eller organisasjon, eller som bedrift. Marknadsplassen er open for alle. Det same gjeld utescena. Her kan du opptre med kulturelle innslag i alle sjangrar. På Aukradagen viser vi fram det store mangfaldet kommunen vår har å by på.

Kvart år arbeider vi for at både utstillarar, artistar på scena og medhjelparar har ei god oppleving både i planlegging og i gjennomføring av arrangementet. Dette får vi til i lag, takka vere stor og positiv innsats frå alle involverte.

Prisar og kåringar:

Beste stand: Beste stand på vert kåra av ein jury som ser både på kreativitet og heilskapsinntrykk blant deltakarane på marknadsplassen.
Årets Aukraværing: Send inn din nominasjon på ein person – ei eldsjel, ei bedrift eller ein organisasjon.

Earlier Event: June 4
Sie Gubba
Later Event: June 5
Sjøsportdagen