Fjelltur
       
     
Start fjellturen til Digergubben i Midsund sentrum
       
     
Turopplevinga er endå større når du kan dele den med fleire
       
     
Nydelig utsikt over Øyriket i Romsdal frå fjella i Midsund
       
     
Turgåarar på veg ned mot Sør-Heggdal
       
     
Utsikt frå Rørsethornet
       
     
Stupbratt på den eine sida, fjellvidde på den andre
       
     
Blått hav så langt du ser.....
       
     
På tur til Harøyburet
       
     
På tur til Harøyburet
       
     
På toppen av Harøyburet
       
     
Harøyburet
       
     
Fjelltur
       
     
Fjelltur

Rørsethornet (659 m.o.h.) Ei fantastisk utsikt mot øyane i Sandøy og Aukra. Luftig tur der fjell møter hav. Følg merka sti frå Rakvåg.

Start fjellturen til Digergubben i Midsund sentrum
       
     
Start fjellturen til Digergubben i Midsund sentrum

Digergubben (527 m.o.h.)  Gå enten opp Midsundura eller trappene til Vassverket opp til Midsundvatnet. Følg delvis sti og delvis fritt leide i lett terreng opp til toppen. Ca 1,5 t frå sentrum til toppen.

Dette er òg traseen til Midsund Triatlon, og ønskjer du å teste ut forma mot dei beste, spring du frå Midsund senter til toppen av Digergubben på omlag 18 min.

Turopplevinga er endå større når du kan dele den med fleire
       
     
Turopplevinga er endå større når du kan dele den med fleire
Nydelig utsikt over Øyriket i Romsdal frå fjella i Midsund
       
     
Nydelig utsikt over Øyriket i Romsdal frå fjella i Midsund
Turgåarar på veg ned mot Sør-Heggdal
       
     
Turgåarar på veg ned mot Sør-Heggdal

Du kan starte turen til Digergubben frå Sør-Heggdal. Då parkerer du på turparkeringa på Klausethjelen. Følg skogsveg opp til høyre, til den går over i sti mot Midsundvatnet. Følg skilting mot Digergubben. I barnevennleg fart er du der på 1,5 til 2 t.
 

Utsikt frå Rørsethornet
       
     
Utsikt frå Rørsethornet

På tur til Rørsethornet (659 m.o.h.) har du ei fantastisk utsikt over Øyriket i Romsdal heile turen. Den første delen frå parkeringsplassen er bratt, men det er ein god sti heilt opp til toppen. Parkering på merka område mellom Rørset og Rakvåg. Turen opp tek om lag 1,5 time.

Frå Rørsethornet kan du også gå over eggen og vidare til Ræstadhornet (754 m.o.h.).
 

Stupbratt på den eine sida, fjellvidde på den andre
       
     
Stupbratt på den eine sida, fjellvidde på den andre

Slik er opplevinga når du går frå Ræstadhornet og til Rørsethornet. Fantastiske kontrastar som gjer sterke inntrykk på ein fjelltur du seint vil gløyme.

 

Blått hav så langt du ser.....
       
     
Blått hav så langt du ser.....

Utsikta frå Rørsethornet må berre opplevast, - så fantastisk er det å sitje på toppen og berre la augene kvile i alt det blå. Hav, - himmel og eit spanande og kontrastfylt Øyrike.

På tur til Harøyburet
       
     
På tur til Harøyburet

Harøyburet er med sine 156 m.o.h. Sandøy kommune sin høgaste topp, og herifrå får ein ei super utsikt over Øyriket mot sør og mot nord. Dette er ein tur som passar for heile familien, og ein vil bruke omlag 15-20 minutt på å nå toppen.

På tur til Harøyburet
       
     
På tur til Harøyburet

Dei fyrste 50 meterane går bratt opp før stigninga roer seg litt og ein får ei flott utsikt.

På toppen av Harøyburet
       
     
På toppen av Harøyburet

Slik kjem du deg til Harøyburet:  Kjem du til Myklebust med ferje eller hurtigbåt, er det mogleg å gå til startpunktet. Følg skilting mot Steinshamn frå ferjekaia (mot venstre) og gå til du ser StikkUT skiltet, ca. 1 km langs hovedvegen.

Kjem du med ferge til Finnøya med sykkel kan du sykle til startpunktet, ca. 10 km. Ein følgjer fylkesvegen over Finnøya, moloen og gjennom Steinshamn sentrum. Vidare syklar ein rett fram til ein kjem til krysset med barnehage/skule, her kan ein ta vegen rett fram. På vegen syklar du forbi Harøy kyrkje. Fortsett vidare til du ser StikkUT skiltet langsmed vegen.

Harøyburet
       
     
Harøyburet

På toppen finn du turkassa med StikkUT-kode og registreringsbok frå Harøy idrettslag.